Køyretimar

Ein køyretime varer 45, 60 eller 90 minutt, og avtalast gjennom kontoret eller direkte med køyrelærar. Når på dagen? Mange ynskjer å kjøra etter skuletid. Berre timar på denne tida, vil føra til lengre opplæringstid. Trafikklærarane våre ynskjer mest mogeleg ei normal arbeidstid mellom 7 og 16. Det er og viktig at du ikkje overlet alt ansvar med å få kjøretimar til læraren, du må gjera ein innsats sjølv for å bestilla timar.

Frammøte er ved trafikkskulen dersom ikkje anna er avtala med læraren. Pr. i dag startar me på desse stadene: Voss, Dale, Stanghelle, Vaksdal, Arna, Åsane, Bergen og Osterøy. NB! Du må alltid ha med beviset for gjennomført trafikalt grunnkurs og ID-bevis på kvar kjøretime. Dette kan verta sjekka i kontrollar av vegtrafikktilsynet eller politiet.


Avbestilling av time må skje seinast 24 timar før. Ved avbestilling etter dette må du betala for timen. Legeerklæring vert godteken. Betaling av køyretimar etter avtale med trafikklærar, men for tida tek me det meste pr. giro. All opplæring må vera betalt før du får kjøra opp!


Dersom du ynskjer å skifta lærar eller trafikkskule, er det viktig at du gjev melding om dette så snart du har bestemt deg, slik at du ikkje tek opp plass ved skulen unødig.

Test

For å vurdera om du har nådd måla med undervisninga, vert opplæringa vanlegvis avslutta med ein køyretest.